Jenta skriv at dei er mange elevar på ungdomsskulen som set pris på dei mindreårige asylsøkjarane.

– Asylsøkjarane er kjempekjekke å vere med, smiler alltid til oss, og får oss i betre humør. Skulen er ikkje det same utan dei!, skriv ho og hevdar at ho har fleire ungdomsskuleelevar med seg i hennar syn.

Bør få gå på ungdomsskulen

Ho likar ikkje avgjerda til Ulstein kommune som seier at elevane som ikkje er i ungdomsskulealder skal få undervisninga si på Ulstein kompetansesenter, i staden for ungdomsskulen.

Det er ikkje berre undervisning som er viktig for ungdomane, også vener.

– Vi på ungdomsskulen i Ulsteinvik er sjokkerte over at de flyttar dei vekk frå denne skulen. Eldre er dei, men dei kom til Noreg for ikkje så lenge sidan, og treng å møte nye folk, og der er nok ikkje så mange på deira alder på kompetansesenteret, argumenterer ho og meiner dei bør få gå eitt år til på ungdomsskulen.

– Alle kan gjere feil

Jenta meiner at alle kan gjere feil. Me som har vakse opp i Noreg veit at seksuelt overgrep er ulovleg i dette landet, men det visste ikkje desse ungdomane. Kvifor lage dobbelt så mykje styr når asylsøkjarane gjer det enn norsk ungdom, undrar ho, og meiner det var feil å sende vekk dei to unge gutane.

– Man skal jo lære av feil og misforståingar, men de lærer dei ingenting med å sende dei langt vekk frå vener og kjende.

Ho skriv at det gjer ufatteleg vondt å tenkje på at dei vart sendt vekk aleine. Dei kom til Noreg for å lære, ikkje for å ha det vanskeleg.

Ho prøver ikkje å få kommunen til å få dei to unge gutane tilbake til kommunen, men for å gjere dei styrande merksame på kva dei gjer, og korleis det råkar fleire enn dei to.

Ho meiner at asylsøkjarane bør få lov til å busetje seg i Ulstein kommune, for her er det godt å bu. Det er fleire familiar som vurderer å ta til seg ein ungdom, men det er ikkje lett når dei stadig blir flytta rundt.

– Eg snakkar for så mange akkurat no, skriv jenta som ikkje signerer med namn, berre at ho er 13–14 år.