Skal du reise med buss i sommar? Då ber Yrkestrafikkforbundet deg om å unngå å bruke kontantar. I Nettbruss har dei faktisk ein konkurranse internt for å få ned kontantbruken på ekspress-linjene. Kontantar er ein riskiko for ran, og den risikoen vil dei fjerne.

Hovudtillitsvald i Nettbuss Travel, Kjell Rune Brunsvik, har sjølv opplevd å bli fråstole veska.

– Det var utruleg ubehagleg. Det var mykj epengar det var snakk om, i tillegg til at me ofte har private dokument i veska, seier han i ei pressemelding.

Kontantfrie bussar er noko dei tillitsvalde i YTF har jobba for i mange år. Dei vil fjerne risikoen for å bli rana heilt. Dei har døme på sjåførar som har blitt rana for berre 200 kroner, så dei meiner at det ikkje bør vere kontantar til stade i bussen.

Rimelegare i bestille på nett

Bussjåførane på ekspressbussane oppmodar alle til å kjøpe billett i forkant av bussreisa. Om du bestiller reisa på nett får du mellom 2 og 50 % rabatt på reisa. I tillegg er du garantert plass.

Nettbuss har inført to kontantfrie linjer der passasjerane ikkje har høve til å betale med kontantar. Du brukar kort, eller kjøper billett på førehand.

Konkurranse

Nettbuss har no sett i gang ein konkurranse for å få ned bruken av kontantar på ekspressbussane sine.

– Me treng hjelp frå passasjerane. Bruk kort eller bestill billett, uansett om du skal reise på sommarferie eller berre i nærområdet, er oppmodinga frå bussjåfør Henry Smidsrød og meiner det er positivt for både passasjer og sjåfør at det ikkje er kontantar på bussen.

Ekspressbussen mellom Ulsteinvik og Oslo er med i konkurransen.