Ishavsmuseet har eit naust ståande, Bakkenaustet, som skal bli ein ny del av utstillinga. I samband med dette rydda dei naustet. Under ryddinga gjorde dei eit overraskande funn.

Ukjent funn

Då dei tilsette ved Ishavsmuseet rydda Bakkenaustet fann dei to kvernsteinar.

Brandal er kjent for selfangst, ikkje like kjent for kvernhus, så det var eit litt overraskande funn, får Vikebladet Vestposten fortalt.

Kan berre spekulere

Ingen av dei ved Ishavsmuseet veit sikkert kvar steinane kjem ifrå, ein kan berre spekulere.

Tidlegare hadde folk ein eigen liten gard med nokre husdyr, eiget naust, og ofte eit lite kvernhus. Dei som tidlegare eigde naustet hadde kanskje eit kvernhus og det er der steinane kjem ifrå. Akkurat no er det likevel eit lite mysterium!