I samband med at Hareid kommune skal rullere arealdelen av kommuneplanen, kjem det inn ein del innspel om kva kommunen bør prioritere.

Hareid Næringsforum hadde før sommarferien eit eige styremøte som var via dette temaet. Styret føreset at det i den nye planen blir lagt til grunn ei heilskapleg løysing for vidare tilrettelegging, verdiskaping og framtidig næringsutvikling.

– Framtidas moglegheiter ligg i havrommet. Det er naudsynt at det blir sett av tilstrekkeleg areal for å utforske, utvikle og etablere vekstkraftige næringar knytt til havromet. Hareid har eigna forhold, god geografisk plassering og unytta arealressursar til føremålet, skriv dei i uttalen.

Dagens kommuneplan viser fire område (Brandal, Lågåsen, Haggardsneset og Alme/Teineberget) som er definert som NFFFA-område. Næringsforumet meiner at områda bør utvidast. Avsett areal bør vere så store at moderne anlegg kan etablere seg der. Næringsforumet er opne for at NFFFA-område kan flyttast, men ikkje takast bort.

Tang og tare

Styret i Hareid Næringsforum er usikre på om definisjonen "NFFFA" dekkjer framtidige behov godt nok. Den nye kommuneplanen bør ta opp i seg og leggje til rette for dei nye moglegheitene av verdiskaping ein ser konturane av vekse fram. Oppdratt av tang og tare er eit næring som blir spådd ei lysande framtid. Tradisjonelt fiskeoppdrett er ein del av eit langt større bilete. Hareid Næringsforum vil gjerne gå i dialog med planmynde på temaet.

Raffelneset industriområde

Området som i dag er regulert til bøyehamn ønskjer dei å flytte lenger innover. Området regulert til aquakultur på Raffelneset industriområde vil dei definere om til næring. Dei argumenterer med at moderne aquakultur er plasskrevjande, og området er for lite til å kunne utvikle noko som står seg over tid.

Dei vil setje av område for oppankring av rigg i samband med Raffelneset industriområde. Eit område for oppankring av rigg vil både styrke og leggje til rette for nye satsingsområde for alt etablert industri i området.

Risneset industriområde

Hareid Næringsforum vil leggje til rette for landbasert oppdrett, for å møte framtidas utvikling. Dette skal ikkje skje på kostnad av dagens regulering (industri), men i tillegg.

Næringsforumet etterlyser ein heilskapleg plan for vidare tuvikling av industriområdet. Dette omfattar infrastruktur som vegføring, terrasering av arealet og planering av real på kai-nivå.

Avslutningsvis minner dei om Hareid sine moglegheiter som følgjer med ei realisering av Stadt skipstunnel.