I skrivande stund skin sola frå blå himmel, men YR.no varslar at det er venta store mengder med nedbør over Møre og Romsdal.

Klokka tre i dag, måndag, er det meldt regnbyger og lyn. Men verst blir det frå kvelden. Då skal det regne kraftig.

OBS-varselet seier at det er tysdag som skal vere verst i fylket. Då kan det lokalt kome 30-50 mm på 12 timar. Det er fåre for overfløyming, små jordskred og/eller flaumskred der bygene treff.

Men når ein ser på dei lokale varsla for Ulstein og Hareid er det meldt sol og berre litt regn tysdagen.