Den forsvunne Eurasier-hunden Lissi vert no etterlyst gjennom politiet. Politiet melder på Twitter at hunden vart sist sett på Melshornet klokka 21 måndag kveld.

Eigaren fortel at hunden er noko sky av seg og kan vere vanskeleg å få tak i. Lissi er elles kvit og beige av farge.

Dersom nokon har sett henne kan dei ta kontakt med politiet på 02800.