Stiftelsen Vikholmen ønskjer å selje mat og drikke i storsalen under minst to dagar av Trebaatfestivalen. På dagtid skal det vere ope for alle, med matservering og kaffi. På kveldane blir det sjømat med øl og vin for eit meir vakse publikum. Då tenkjer dei også ha taffelmusikk for å skape ein hyggeleg atmosfære.

Stiftinga har søkt Ulstein kommune om skjenkeløyve for desse dagane, for øl og vin.

Dei vil utnevne ei gruppe på minst fire personar som skal fungere som vakter for å oppretthalde ro og orden i og utanfor huset. Dei vil heller ikkje sleppe inn fleire besøkande enn det er sitjeplassar til (120).