Under prosessen med ny reguleringsplan i skuleområdet i Ulsteinvik, varsla nokre grunneigarar at om den regulerte stien og vegen mellom Vikemyra og Petterbakken vart vedteken slik han låg føre i planen, må kommunen til med oreigning.

Planen vart vedteken slik, så no i sommar har Ulstein kommune sendt ut brev til grunneigarane der dei spør om dei vil la kommunen løyse inn grunnen, eller om dei skal starta ein oreigningsprosess.

Kommunen ønskjer skriftleg svar.