Fleire og fleire får auga opp for det enkle hyttelivet. Hjå Inatur har omsetjinga for hytter utan straum og vatn auka med 40 prosent.

Auken byggjer på tal samanlikna med same tid i fjor, skriv Nationen.

– Dei siste tre åra har veksten på hytteutleige vore på heile 145 prosent, seier dagleg leiar, Morten Pedersen i Inatur Norge AS til avisa.

Det er Statskog SF, Norges Fjellstyresamband, Noregs Jeger og Fiskerforbund, Norges Skogeigarforbund og Norske Lakseelver som eig hytteutleigaren Inatur.

Hytteutleigaren har hytter i område for jakt, fiske og friluftsliv. Pedersen ser òg ei auka interesse for fiske og fortel at omsetjinga for innlandsfiske har hatt ein vekst på 35 prosent så langt i år, og ein auke på 165 prosent dei siste tre åra.

Pedersen konstaterer at ei god gammaldags hytte ved eit godt fiskevatn tydelegvis er draumen for stadig fleire nordmenn.