Som ein kan sjå i Ulsteinvik sentrum er det rive eit eldre bustadhus i Kyrkjegata i Ulsteinvik sentrum. Huset låg like bak An Chri.

Det er Vikefjøra Eidendom DA som eig området. Dei fekk for ei tid tilbake rivingsløyve av Ulstein kommune, opplyser rådmann Einar Vik Arset. Og no i sommar er huset rive. Området er regulert til bustad/forretning/kontor, og opnar såleis for bruk over fleire etasjar. Eigedomen ligg sentralt til i sentrum.

Wernik Hauge i Vikefjøra Eiendom DA seier til Vikebladet Vestposten at han på noverande tidspunkt ikkje vil kommentere kva planar dei har for tomta. Dei fekk no huset rive for å rydde opp i området.