Måndag 22. august er det folkerøysting i Hareid. Då får innbyggjarane i kommunen seie ja eller nei til at kommunen slår seg saman med Ulstein kommune. Intensjonsavtalen finn du her.

Hareid kommune har sendt ut brev til alle røystestyra for å høyre kven som kan stille og ikkje den dagen. Det er viktig at alle svarer, anten dei kan stille eller ikkje.

Det blir også førehandsrøysting. Det går føre seg i perioden 10. til 19. august.

Brevrøysting med tre konvoluttar

Dei som ikkje kan møte opp til røysting kan sende brevrøysting. Det er viktig at desse breva blir sendt så tidleg som råd før 22. august. Om du vil brevrøyste kan du skrive ut ein røystesetel som du finn på nettsida til Ulstein kommune, eller du kan bruke eit blankt ark der du skriv på alternativet du ønskjer.

Legg røystesetelen/arket i ein tom konvolutt og lim igjen. Legg så den blanke konvolutten i ein ny konvolutt og skriv på:

Folkerøysting i Hareid kommune 22.08.2016

Namn og adresse i Noreg

Fødselsnummer

Skriv under med namn og dato.

Om mogleg bør eit vitne stadfeste at det som står på konvuletten er rett.

Legg så konvolutten i ein oversendingskonvolutt til:

Valstyret i Hareid kommune

Rådhusplassen

6060 Hareid

Prrosessen rundt dette kan verke noko omstendeleg, men det er for å sikre at det er hemmeleg val.

Godt val!