Åge Remøy, styreleiar og hovudaksjonær i Rem Offshore, har blitt nedringt av journalistar etter det i dag tidleg vart kjendt at Rem slår seg saman med Solstad Offshore.

Etter samanslåinga vil hovudkontoret liggje i Skudeneshavn i Rogaland, men der vil framleis vere ei avdelinga i Fosnavåg.

– Alle arbeidsplassar i Fosnavåg er sikra framover, seier Remøy til Vikebladet Vestposten. Frå Fosnavåg vil dei drive ei flåte med båtar.

– Her blir fullt køyr vidare. Eg trur ikkje at det for dei tilsette vil bety noko, spår Remøy.

– Rem har tidlegare bestilt ein del båtar frå Kleven, og nytta lokale leverandørar, korleis blir det framover? Blir slike avgjerder teke lokalt i Fosnavåg, eller blir det Rogaland?

– På eit overordna plan er lokal eigarskap viktig. Det har kome leverandørindustrien til gode at reiarlaga har vore lokalt eigde. I den grad eigarskapen forsvinn ut av distriktet er det øydeleggande for regionen, svarer Remøy og legg til at han håpar at dei andre reiarlaga greier å halde på den lokale eigarskapen.

– I mai i år ville DNB at Havila, Olympic og Rem slo seg saman. Hadde det vore ei betre løysing?

– Nei, det vil eg ikkje spekulere i. Rem er ikkje lenger del av det. Det er viktig at dei klarer å halde på lokal eigarskap og ikkje blir offer for det same som me har blitt, kommenterer Remøy.