Sjølv i dei verste regnbyer, opplevast atmosfæren i restauranten Kami Skotholmen som både lun og personleg. Det er ei oppleving Magnus Bergseth har vore med på å utvikle. No driv han sin eigen restaurant i havgapet eit steinkast utanfor Fosnavåg saman med tidlegare mentor Ole-Jonny Hjelmeseth. Ein kan på mange måtar stadfeste at han lev draumen.

– Det er på ein måte galskap. Ein kan ha mange gode idear, men ein veit aldri korleis det vil gå føre seg i praksis. Men ein er nøydd å ta sjansar her i livet – eg er i alle fall ute etter å skape gode historier eg kan fortelje når eg blir gamal, slår Bergseth fast.

Ei personleg oppleving

I dag har han eit ope kjøken med store vindauge mot solnedgangen som arbeidsplass. Restaurantdrivarane er opptekne av å gjere matopplevinga personleg og har difor utvikla ein restaurant med nærleik til både kjøken og mat. Som ein del av den personlege opplevinga, meiner dei det er viktig at dei tek seg tid til å prate med gjestane på dei ulike borda. Difor prøvar dei å halde talet gjestar nede, trass i at kapasiteten ligg på rundt 100. Med havet som åker i tillegg, kan ein restaurant mest sannsynleg ikkje bygge ei betre oppleving rundt maten enn på Skotholmen.

– Det har i fleire hundre år handla om fisk på Skotholmen. Holmen har opp gjennom tidene vore ein handelsstad for det som vart innhausta på havet, seier Bergseth.

Difor er det naturleg at restauranten for det meste brukar lokale matleverandørar og mest mogleg kortreist mat.

- Vil overraske

Bergseth er godt skikka til å bringe den rike historia til Skotholmen vidare med stil. Han har eigenskapane som trengst for å drive utviklinga av det innovative konseptet på Skotholmen framover. Han er motivert, inspirert og har visjonar om korleis aktivitetane på holmen vil utvikle seg.

– Konseptet har endra seg mykje i planleggingsfasen. Restauranten kjem alltid til å vere i endring òg, fordi menyen vil kunne endre seg frå dag til dag, veke til veke. Eg vil overraske og unngå å gå på autopilot. Difor kan menyen endre seg med inspirasjon for det som fell meg inn, seier Bergseth.

Gjestane strøymer på

Restauranten har halde ope i snart fire veker og dei matglade gjestane har strøyma på. Ikkje ein dag har lokala vore tomme. På sommarhalvåret er planen å halde ope som vanleg restaurant, medan resten av året vil dei halde ope for arrangement som temakveldar, julebord og bryllaup. Bestillingar har dei allereie for langt fram i tid. Om du ynskjer å oppleve kva Kami Skotholmen har å by på før dei stengjer for sommaren i midten av august, må du hugse å bestille bord. Ein båt vil ta deg ut dit, for ei oppleving du seint vil gløyme.

Les meir i papiravisa.