Den 116 meter lange yachten som Graeme Hart har under bygging ved Kleven vert ikkje levert før i haust, melder smp.no. Yachten skulle eigentleg leverast i juli, men dette er no utsett.

– Årsaka er at det har vore ei rekke endringar, noko som både er vanleg og omtala i kontrakten. Det er avtalt seinare levering grunna fleire oppgåver med bygget, seier konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven til smp.no.

Rasmussen ville ikkje fortelje kva spesifikke endringar den newzealandske forretningsmannen har kome med. Yachten vart sjøsett tidlegare i år, og ligg til kai ved Kleven for utrusting.

Les også: Sjøsett med eigarane om bord

Søsteryachten Ulysses som no er til sals, vart levert til avtalt tid sommaren 2015.

Les også: Skal det vere ein yacht?