Det har vore retta hard skyts mellom partane i sommar, etter det vart kjent at det var Aker ASA som har drive og kjøpt seg opp i Rem Offshore, og at planen deira var å slå saman reiarlaget med Solstad Offshore, som Aker også eig.

Sidan Rem Offshore ikkje gjekk med på dette, fekk dei refinansieringsplanen sin nedstemt på ei generalforsamling.

– Eit bakhaldsangrep, sa Åge Remøy til Sunnmørsposten.

Herøyordførar Arnulf Goksøyr reagerte også, og sa til E24 at han opplevde framgangsmåten til Aker som eit plyndringstokt.

Men i dag, torsdag, kom det fram i ei børsmelding at Rem Offshore blir ein del av Solstad Offshore. Solstad har hovudkontor i Skudneshavn i Rogaland, og det blir også hovudkontor for det nye selskapet. Til saman får dei 62 skip.

Og no ser det ut til at tonen mellom partane har blitt ein annan.

– Dette er den beste løysinga for aksjonærane i Rem, seier adm. dir i Rem, Arild Myrvoll til Sunnmørsposten.

Det skal framleis vere aktivitet i Fosnavåg. Flåten med kontruksjonsskipa (csv-ane) vil operere frå Skudeneshavn i framtida, medan flåten med plattformforsyningsskip skal leiast frå Fosnavåg.

Førebels er det uklart korleis drifta av ankerhandteringsfartøy skal organiserast, skriv Sunnmørsposten.

I børsmeldinga seier Åge Remøy at han er glad for at det vil vere vesentleg aktivitet i Fosnavåg, med potensiale for vesentleg vidare vekst, noko som vil bidra til å sikre moglegheiter for utvikling for regionen og sikre arbeidsplassane for dei nærare 500 høgt kvalifiserte arbeidstakarane i Rem.

Les intervjuet med Åge Remøy her.