Nesten halvparten av befolkninga oppgjev å vera nyheitssøkjarar, med sterk interesse for å følgja med på harde nyheiter, viser ei undersøking av mediekonsumet til nordmenn.

– Dette er interessante funn, som stadfestar at nordmenn er opptekne av nyheiter. I eit demokratiperspektiv kan det likevel vera grunn til uro at ei gruppe som for ein stor del er sett saman av unge menneske, er lite opptekne av harde nyheiter, seier leiar for Mediemangfoldsutvalget Knut Olav Åmås.

Kvar tiande nordmann opplyser nemleg at dei er lite interesserte i harde nyheiter og kan dermed karakteriserast som nyheitsunnvikarar.

Der interessa for harde nyheiter er sterkare hos eldre, og i større grad menn, er delen nyheitsunnvikarar størst blant dei under 30 år, spesielt kvinner.

Problem for demokratisk deltaking

Forskarar meiner at fleire nyheitsunnvikarar har så lav kunnskap at det er grunn til å uroe seg med tanke på demokratisk deltaking, skriv NTB.