Saman med Kristiansund er det kommunane Hareid, Herøy og Ulstein som har den største prosentvise arbeidsløysa i Møre og Romsdal ved utgangen av juli. Det syner tal vi har fått frå NAV.

Herøy har den største arbeidsløysa i fylket i prosent. 5,6 prosent er heilt utan arbeid, noko som tilsvarer 266 personar. Dette er ein auke på 50 ledige berre den siste månaden og ein auke på 86 i høve til samme tildspunkt i fjor.

I Hareid er 5,5 prosent av arbeidsstokken utan arbeid. Dette tilsvarerer 150 personar. For ein månad sidan var talet 130 ledige. Det siste året har talet på ledige auka med i alt 35.

I Ulstein er det 32 fleire ledige no enn for ein månad sidan og 81 fleire enn for eit år sidan. I alt er 222 personar, eller 4,8 prosent av arbeidsstyrken, heilt utan arbeid.

Sande og Vanylven kan notere seg ein liten nedgang i talet på arbeidsledige den siste månaden. I Sande er talet på ledige 42, noko som er fire færre enn ved utgangen av juni og tre færre enn på samme tid i fjor. I vanylven er det 30 somer heilt utan arbeid. Dette er fem færre enn for ein månad sidan og 15 færre enn på samme tid i fjor.

- Etter ein nedgang i arbeidsløysa i Møre og Romsdal dei tre siste månadene, har vi no hatt ei liten oppgang i talet på ledige, noko som er som venta i høve til sesongjustert arbeidsløyse, seier Hege-Beate Skjølberg, avdelingsdirektør ved NAV Arbeidslivssenter Møre og Romsdal.

Ho forklarer dette mellom anna med at ein del studentar melder seg ledige etter avslutta studiar.

- I tillegg vert ein del sesongbaserte oppdrag avslutta før feireavviklinga, seier ho.

Tala frå NAV syner elles at arbeidsløysa i Møre og Romsdal no er på 3,3 prosent, noko som tilsvarar 4642 ledige. Dette er ein auke på 22 prosent i høve til i fjor. Fylket vårt har hatt den tredje største auken i arbeidsløyse det siste året etter Rogaland og Hordaland.