– Det er så positivt og vi er så glade for å få fleire menn inn i omsorgsyrka, slår soneleiar Gunn Hofset og fagkoordinator Kari Warholm fast.

I sommar er det i alt 15 unge menn på plass i jobbar både på Ulstein sanse – og aktivitetssenter og i bufellesskapet Holsekerdalen 22. Det er fleire enn det nokon gong har vore tidlegare.

– Menn har ein viktig funksjon i denne typen arbeid og med menn på laget skapast eit betre arbeidsmiljø, seier Hofset og legg til:

– Dessutan meiner eg at det er viktig at ein ikkje berre møter kvinner i både skule og andre omsorgsyrke. Difor er det viktig å jobbe for å motivere fleire menn til å ta sjansen å prøve seg i slikt arbeid.

- Å setje ting i perspektiv

Fleire av dei totalt 15 unge mennene som jobbar i sommar, har vore på plass fleire år på rad. Nokre jobbar heile året, andre har skaffa seg fast jobb, medan ein del av dei har sommarjobb for fyrste gong. Trass i at nokre har jobba lenger enn andre, er alle likevel samde om at dei får ei verdifull erfaring.

– Ein tek ofte for gitt at ein er frisk og har alle moglegheiter i verda, seier Jørgen Greve og Pål Hofset Skeide legg til:

– Små ting i kvardagen kan for dei vere store problem. Her lærer ein å setje ting i perspektiv.

Fyrstnemnde er komen frå Bergen til Ulsteinvik for å jobbe på Holsekerdalen 22 i sommar, medan sistnemnde er tilbake i sommarjobb i bufellesskapet for andre året på rad. Sjølv om begge har tatt og tek ingeniørutdanning, verkar jobben i Holsekerdalen 22 noko dei begge trivest godt med.

– Eg er utdanna ingeniør og er van med tal og berekningar. Her kan ingenting bereknast, det skjer alltid noko nytt og uventa. I staden for å ha ein sommarjobb ein gruar seg til å gå til, har eg ingenting i mot å kome på jobb her i Holsekerdalen 22, seier Greve.

Endra yrkesmessig retning

Martinus Slettebakk starta å jobbe i Holsekerdalen 22 i oktober i fjor etter at han mista jobben på Ulstein verft. Han gjekk frå ein svært rutineprega jobb og fekk etter kvart ein veldig varierande kvardag i bufellesskapet.

– Her lærer du noko nytt kvar dag. Det er fint å kunne bidra til å gjere livet betre for dei som bur her. Du kan ha den verste dagen i verda, men den blir endra til det positive når du kjem på jobb, seier Slettebakk audmjukt.

Han er ein av fleire som det kan verke som har endra retning både yrkesmessig og utdanningsmessig. Anders Sausjord har det på same måte. Han hadde planar om å bli fiskar, men enda til slutt også opp i Holsekerdalen 22. Allereie før han er utdanna, har han sikra seg fast jobb i Ulstein kommune. Til hausten byrjar han på vernepleiestudie ved sida av jobben.

– Alle trur jobben berre handlar om stell og tørking av rumper, men den handlar om så mykje meir utanom det. Her skjer det mykje forskjellig kvar dag og ein møter alltid på nye utfordringar. Det er rett og slett givande å vere her, seier Sausjord.

Nokre av dei som framleis ikkje har bestemt seg for utdanning enno og som har sommarjobb her for fyrste gang, vil ta erfaringa arbeidet her har gitt dei i betraktning når dei skal ta valet.

– Eg er inne på tanken og vil i alle fall jobbe med menneske, seier Marius Brekke.

Gi det eit forsøk

Gutane fortel varmt om matlaging av store fellesmiddagar, om god stemning på pauserommet, openheit og utveksling av historier og tilfeldige svelekveldar.

Ein som verkar glad for å ha så mange unge menn på plass er Nils Johan Husøy som bur i leilegheit der.

– Det er bra med ein god miks av kvinner og menn. Dessutan er det kjekt at dei tilsette kan spegle litt dei som bur her, slår han fast.

Alle er samde om at dei vart positivt overraska av jobben og vil oppmode andre unge menn til å ta sjansen.

– Prøv noko nytt, seier Henrik Sandanger Pettersen og Slettebakk legg til: – Folk må tørre å prøve.

Dessutan er det heilt i orden å kome for å prøve det ut, opplyser Hofset og Warholm.