– Det er gledeleg at stadig fleire tek naturen i bruk, og ikkje minst at fleire som ikkje har så mykje turerfaring no er aktive utandørs på ulike måtar. Samtidig er det grunn til å minna om at alle er ansvarlege for eigen tryggleik, og vi oppmodar alle til å bruke fjellvettreglane aktivt, seier Nils Øveraas, generalsekretær i DNT til NTB.

Det var i påsken i år at DNT og Røde Kors reviderte dei kjende fjellvettreglane. Medan mange nok assosierer reglane med vinteren, er desse like viktige om sommaren, meiner DNT. Dei fortel at redningsmannskapa har stadig meir å gjera i fjellet om sommaren.

– Tilhøva i sommarfjellet kan også skifta fort og vera krevjande. Det er viktig at alle er ærlege med oss sjølve og set oss inn i kva slags tur vi har tenkt oss ut på. Vi unner alle gode naturopplevingar, og brukar du fjellvettreglane som rettesnor, vil du kunne få både ein trygg og god tur, seier Øveraas.