Under ein båttur utanfor Hareid fredag kveld, fekk Steinar Hovlid og Nicolae Stavre ei noko uventa oppleving . Ein flokk grindkval passerte nemleg like ved båten. Flokken heldt fram innover Sulafjorden i retning Hjørungneset.

Grindkvalen er ein stor delfinart der dei største hannane kan verte opp til sju meter og vege nærare fire tonn. Dei held seg gjerne i flokkar på ti til femti dyr. Grindkvalen legg ut på sesongmessige vandringar der dei jaktar etter favorittbyttet sitt, blekksprut og makrell. Dei dukkar år om anna opp i norske fjordar.