Politiet fekk natt til laurdag melding om at ein bil hadde køyrt i grøfta ved Leikong. Då dei kom til staden hadde personane i bilen forlete køyretøyet. Føraren vart etterkvart funnen og politiet mistenkjer at vedkomande har køyrt bil i rusa tilstand. Det vert oppretta sak på denne hendinga.