I dag den 10. august vil alle husstandar i Hareid kommune få informasjon om intensjonsavtalen mellom Hareid og Ulstein kommunar. Denne dannar grunnlaget for folkerøystinga som skal vere den 22 august.

Før dette vil du òg kunne førehandsrøyste på Hareid Rådhus mellom kl. 9 til 14 frå i dag den 10.08 og fram til 19.08. kl. 14.00. Vi gjer merksam på at også 16-åringar og eldre får delta i valet.

I tillegg til førehandsrøystinga skal det gjennomførast ei opinionsundersøking blant innbyggarane i Hareid. Den vil starte i slutten av denne veka. De vil då bli opp ringt frå telefonnummer 61 60 11 27. Vi går ut med telefonnummeret slik at flest mogleg kjenner det og håpar på at dei raskt får svar med dei 500 som skal delta. Spørsmålet er det same som på valsetelen som vert nytta valdagen, ynskjer du at Hareid og Ulstein skal verte ein kommune? Svar alternativa er ja/nei eller veit ikkje. I tillegg spør vi om kjønn og alder.

Har du spørsmål kan du kontakte servicetorget på Hareid Rådhus på tlf. 70095000.

Valstyret.