- I andre stein, på fjerde rad ligg det ei EpleRose, ei utgåve av Vikebladet Vestposten frå den dagen og ei skriftleg erklæring kring kven som gjorde det og i kva anledning det var. Dette var det sonen min Gard og eg som gjorde, fortel Leidulv Grimstad, fungerande sokneprest i Hareid.

Strålande blid tok han i mot lokalavisa, og viste fram sjølve gullskatten. Gullskatten? Jo, ei ein og ein halv liter stor flaske med EpleRose, ein av mange sortar brus Volda Mineralvatn, tidlegare Brænne Mineralvatn, produserte før dei la ned verksemda.

Velkomstdrink i sønene sine bryllaup

Då Volda Mineralvatn AS, tidlegare Brænne Mineralvatn, avvikla drifta i oktober 2009, var det med eit hjartans sukk mange trufaste fans måtte konstatere at Brænne-saft type rød, EpleRose og mange andre favorittar forsvann. Men somme, mellom anna Hareid-soknepresten, har gjort det dei kunne for å ta vare på restane av produkta til mineralvatnprodusenten.

- Då det blei klart at EpleRose ikkje skulle produserast meir, kjøpte eg like godt heile restlageret til Rema 1000 i Ulsteinvik. 180 ein og ein halv-literar. Dei siste av dei hadde eg så lenge eg følte det var forsvarleg å ha dei, men eg fraus også ned tre av dei. Dei skulle nemleg kunne brukast til framtidige bryllaup for Tord og Gard, to av sønene mine. Då Tord gifta seg i 2013 brukte vi av eit lager han hadde laga seg sjølv, og vi gjorde det til ein form for velkomstdrikk. Då Gard gifta seg i fjor blei ei av flaskene eg hadde fryst ned tatt opp. No når dei skulle rekonstruere EpleRose, fekk Lars Erling (Bjåstad Hovlid) og Thomas (Busker Larsen) ei flaske, slik at eg framleis har liggande igjen ei flaske av god årgang i frysaren, anno 2009, seier Leidulv Grimstad og viser fram flaska.

(Sjå video i toppen av saka).

Leidulv viste også gladeleg fram ei mindre flaske som han har tatt vare på, der det framleis er kolsyre igjen!

Klart for comeback

No har imidlertid både den raude og gule safta gjort sitt comeback, og laurdag i neste veke blir det re-lansering av EpleRose-brusen. Lars Erling Bjåstad Hovlid og Thomas Busker Larsen er duoen som har stått på for å få dei klassiske Brænne-produkta tilbake igjen på marknaden, og no har dei altså lukkast i å vekke nok ein favoritt til live igjen.

- Dette skal vere ei bedrift for folket. Det folket ønskjer, det skal dei få. Det var vel også på tide å prøve å utvikle konseptet litt, vi skal no sjå bedrifta i eit større perspektiv, og då treng vi fleire bein å stå på. Dei to safttypane vi har re-lansert passar eigentleg best inn i ein litt snevrare marknad, som her på Sunnmøre, medan vi trur EpleRose-brusen kan passe endå fleire, også andre stader i landet.

Også sokneprest Leidulv Grimstad trur EpleRose kan slå an andre stader i Norge.

- Eg hugsar ein gong eg blei eg ståande utanfor ein Lidl-butikk på Grønland i Oslo. Ein heil gjeng med norsk-pakistanske ungdommar gjekk inn på butikken, og kom ut igjen med bollar og EpleRose. Det var svært gledeleg å sjå at denne brusen, min absolutte favoritt, også fengja dei i storbyen! seier Grimstad med eit smil.

Her er eit knips frå EpleRose-lageret til sokneprest Leidulv Grimstad. Då det blei klart at Volda Mineralvatn, tidlegare Brænne Mineralvatn, skulle leggjast ned i 2009, kjøpte Grimstad like godt restlageret til Rema 1000! Foto: Leidulf Grimstad.