Måndagskvelden sa ulsteinordførar Knut Erik Engh til Vikebladet Vestposten at spørjegranskinga i Ulstein om kommunesamanslåing ikkje var ferdig. Det var ikkje klart noko resultat før fredag. No håpte han at dei offentleggjorte resultata frå Hareid ikkje påverka spørjegranskinga i Ulstein.

Men no kan han fortelje at det viser seg at Opinion gjorde seg ferdig med ringerunden sin måndag. Det vil seie at resultata frå Hareid likevel ikkje kan påverke resultatet i Ulstein. Opinion er ferdig med feltarbeidet sitt. No må dei berre bearbeide materialet dei har henta inn, så vil Ulstein kommune få ein rapport frå dei i løpet av onsdag.

Så fort resultatet frå innbyggjarhøyringa i Ulstein kommune blir offentleggjort, vil du finne det her på vikebladet.no.

Ulstein kommunestyre har møte torsdag 1. september, formannskapet har møte dagen før. Desse møta er sett opp for å gjere vedtak om kommunereform. Sidan resultatet av innbyggjarhøyringa ikkje er klar, er heller ikkje tilrådinga til møta klare.