Fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V) frå Hareid, fylkesordførar Jon Aasen (Ap), Høgre-politikar Charles Tøsse og fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik møtte Nord- og Sør-Trøndelag til "naboprat" i Trondheim i førre veke. Det skriv Sunnmørsposten.

- Dei var opne for at enkeltkommunar som Rindal eller Halsa kunne bytte fylke, men utover det var det ikkje aktuelt å utvide Trøndelagsregionen med Nordmøre, seier Gunn Berit Gjerde til avisa.

Gjerde meiner difor at vedtaket gjort av fylkestinget i Møre og Romsdal, at Møre og Romsdal skal halde fram som eigen region, blei styrka av møtet i Trondheim. Ho er i tillegg ikkje spesielt imponert over frieriet frå, eller "kuppet" til Nordfjord. Nordfjord ønskjer nemleg ifølgje NRK Sogn og Fjordane å nytte stortingspolitikarane sine til å presse Møre og Romsdal til å bli med i ein ny, stor vestlandsregion.