Det kjem vel ikkje som noko stor overrasking at sommaren no ser ut til å vere over. Værvarslingstenesta YR.no stadfester då også at vi diverre ikkje kan rekne med nokre ekstra sommardagar no heilt på tampen av august.

- Frå og med neste veke vil folk merke at hausten er på veg, seier statsmeteorolog Bjart Eriksen til Yr.no. I følgje meteorologen sine prognoser tilseier dette meir nedbør og lågare temperaturar.

- Dette er innanfor normalen, seier Eriksen, som likevel trøystar oss med at det kan verte nokre fine dagar i september likevel.

I kveld, onsdag vert det meldt opp til liten kuling på Søre Sunnmøre og overgang til regnbyger. Bygeveret vil halde fram utover torsdag. Fredag og laurdag vert det ikkje så verst, sjølv om det ser ut til at vi kan vente oss litt regn då også. I overgangen til neste veke, det vil seie søndag og måndag, kan det verte opphaldsvêr, men frå midten av veka er det regnet som vil dominere.