Onsdag vart også innbyggjarhøyringa i Ulstein klar. Opinion vart ferdig med ringjerunden sin måndag, såleis vart ikkje resultatet i Ulstein påverka av resultata frå folkerøystinga og innbyggjarhøyringa i Hareid, noko ulsteinordførar Knut Erik Engh er glad for.

Grunnen til at det tok lenger tid å gjennomføre innbyggjarhøyringa i Ulstein var for at denne høyringa var meir omfattande. Innbyggjarane i Ulstein fekk også svare på korleis dei trudde ei eventuell samanslåing vil påverke kvaliteten på tenestene, lokaldemokratiet med meir.

I Ulstein er 69 prosent av dei spurte for ei samanslåing med Hareid, 19 prosent imot.

– Eg er veldig fornøgd med resultatet, det er omtrent som forventa, kommenterer ein strålande nøgd ulsteinordførar.

Han kommenterer at Hareid må ta sine sjølvstendige vurderingar, men meiner Hareid bør ta det som eit kompliment at så mange i Ulstein vil slå seg saman med Hareid. – Dette er kjempebra, seier Engh.

Ordføraren legg vekt på folkeviljen: