Skoringen trekk ut to heldige vinnar kvart halvår, ein i Noreg og ein i Danmark, mellom kundane som har meldt seg på nyhendebrevet deira.

Premien er «eit års forbruk av sko». Kva det vil seie kan vere så ymist frå person til person. Men prisen er fastsett til 6000 kroner. Det skal halde til både støvlettar, sandalar og joggesko på skobutikken.

– Me synest det er kjempestas at det er ein av kundane våre som vart vinnar, strålar butikkleiar Arnhild Brubakk Grimstad.

Tidlegare denne veka kom vinnar Tina Myklebust innom Skoringen på Amfi Ulsteinvik og henta premien sin. Ho var veldig glad over å ha vunne så mykje å handle sko for, og meiner sjølv ho elles ikkje har vinnarlukke.