Hausten 2015 søkte Ole Kristian og Tore Øyehol om løyve til å bygge eit ekstra husvære på toppen av «Øyehol Brygge» ved sjøkanten på ytre Hareid.

Men søknaden går ut over høgdekrava.

Til møtet i Hareid formannskap komande måndag frårår rådmannen derfor å godkjenne søknaden – og ber tiltakshavarane i staden om å starte ei reguleringsendring for å løyse opp i problema.

Vil gjere terrasse til bustad

Søkjaren vil utvide den øvste etasjen slik at delar av det som i dag er felles takterrasse kan gjerast om til bustad.

Etter ei eventuell utviding vil 78 prosent av lengdeprofilen ligge på kote 16,7 meter. Bygget vart godkjent med «berre» 65 prosent av lengdeprofilen på kote 16,7 meter. Den resterande lengdeprofilen kunne ha maks møne-/gesimshøgde på kote 14,5 meter.

Kommunen meiner at utvidinga av bebygd lengdeprofil frå 65 til 78 prosenter er vesentleg.

Har teke eit år

Saka kjem opp for formannskapet først eit år etter søknaden fordi det har teke tid å få til ein komplett søknad og eit utvida nabovarsel.

Kommunen viser til dispensasjonsreglane i Plan- ogBygningslova, der det står i kapittel 19 at «dispensasjon kan ikke gis dersom hensynene bak bestemmelsen det dispenseres fra, eller hensynene i lovens formålsbestemmelse blir vesentlig tilsidesatt.

I tillegg må fordelene ved å gi dispensasjon være klart større enn ulempene etter en samlet vurdering.»

Skulle forbetre utsikta

Den gongen den gamle møbelfabrikken vart riven  og bustadkomplekset «Øyehol Brygge» skulle byggast kom det inn nabomerknader om at eit nytt bygg til erstatning for det gamle fabrikkbygget burde kunne oppførast på ein slik måte at det forbetra utsikta for dei bakanforliggjande eigedomane. Naboane bad også om ein profil som ikkje framstod som ei kompakt eining, men dempa høgda og reduserte skugge-verknaden for dei bakanforliggande eigedomane.

Resultatet vart altså eit fireetasjars bygg opp til kote 14,5 meter med ein femte etasje på to nivå med ein stor open felles takterrasse imellom og private takterrassar ut mot kvar ende av bygget.