Krigsveteranane Ragnar Ulstein og Joachim Rønneberg vart i dag tildelt minnemedaljen «Takk for din innsats 1939-45» av fylkesmann Lodve Solholm.

I samband med markeringa av frigjeringsjubiléet i fjor oppretta regjeringa ein minnemedalje. Medaljen kan tildelast norske og utanlandske militære og sivile som ei anerkjenning for innsasten dei gjorde under den andre verdskrigen. Bakgrunnen for å opprette denne medaljen var i følgje forsvarsminister Ine Eriksen Søreide at mange av dei som tok del med viktig innsats under krigen ikkje har fått den merkseda og anerkjenninga dei fortener, ikkje minst dei sivile.

LES OGSÅ: - Eg hadde aldri tenkt at eg skulle stå her

- Dei einskilde kommunane fekk i oppdrag å finne ut om dei hadde innbyggjarar som kunne tildelast denne medaljen ut i frå dei kriteria som var lagde. Før Møre og Romsdal var Ragnar Ulstein og Joachim Rønneberg to naturlege val, seier fylkesmann Solholm som takka dei to veteranane for innsatsen deira.

Markeringa gjekk føre seg på ordførarkontoret i Ålesund i dag torsdag 25. august. Tilstades på markeringa var ordfører i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, og døtrene til høvesvis Rønneberg og Ulstein, Liv Rønneberg og Birgitte Ulstein.