DNV GL Ulsteinvik, som først og fremst driv med klassifisering av skip, har merka dei tøffe tidene i den maritime bransjen. Likevel har verksemda bra med oppdrag.

Snart eitt år er gått sidan DNV GL flytta inn i nye lokale på Sjøsida i Ulsteinvik.

For dei som ikkje kjenner til verksemda, er lokalkontoret i Ulsteinvik del av eit stort konsern, DNV GL.

Historia til DNV GL byrjar derimot på 1800-talet. Det Norske Veritas (DNV) blei i 1864 stifta som ein medlemsorganisasjon i Oslo. Norske gjensidige forsikringsklubbar gjekk saman om å etablere eit sett med reglar og prosedyrar, til bruk når ein skulle vurdere risikoen ved å forsikre dei enkelte fartøya.

Tre år etter blei Germanischer Lloyd (GL) skipa i Tyskland, og allereie frå starten samarbeida DNV og GL. Men, først i 2013 blei dei to selskapa slått saman til det vi i dag kjenner som DNV GL. I dag er dette eit internasjonalt selskap med 15.000 tilsette i over 100 land.

Midt i smørauget

Ved lokalkontoret i Ulsteinvik jobbar i dag 14 tilsette. Ein av dei tilsette er situert i Måløy.

– Her lokalt i Ulsteinvik jobbar vi mest mot den maritime bransjen, mot verfta, reiarlaga og produsentar. Det går mykje i klassifisering på nybygg på verfta. Såleis er vi midt i smørauget, seier Frode Holm, avdelingsleiar for DNV GL Ulsteinvik.

Også sertifikat og klassesertifikat jobbar lokalkontoret med.

– Ofte blir vi delegert av myndigheitene eller flaggstatane til å skrive ut sertifikat relatert til sikkerheit, brann, miljø og anna. Det varierer litt ut ifrå kva flagg båten skal segle under, seier Holm.

Fleire gode samarbeid

I den maritime klynga på Søre Sunnmøre er det fleire aktørar DNV GL jobbar for.

– Kleven-konsernet har vi til dømes fleire jobbar for no. Vi er avhengige av at næringa rundt oss går bra, og spesielt Kleven har ei god ordrebok no, noko som er svært gledeleg for alle i næringa. Så konkurrerer vi også med andre klasseselskap, og det er ikkje sjølvsagt at vi får alle jobbane vi legg inn anbod på. Men, vi er godt nøgde med dei samarbeida vi har, og også Ulstein Group har vi eit godt samarbeid med, seier Frode Holm.

Av reiarlag DNV GL Ulsteinvik har gode samarbeid med er mellom anna Ulsteinvik-baserte Island Offshore og Herøy-reiarlaga.

Klassifisering av fartøy

Men kva er eigentleg klassifisering av fartøy? Frode Holm forklarar det slik:

– Reiaren bestiller ofte klassesertifikat med notasjonar (beskrivande symbol) som beskriv kva båten skal nyttast til, og kva skipstype det er. Verftet eller designselskapet sender den dokumentasjonen til oss, som vi sender til hovudkontoret vårt på Høvik. Der blir teikningane godkjent, og jobben for oss i Ulsteinvik blir då å følgje opp byggeprosessen. At båten blir bygd i forhold til teikningane, og at det blir utført sjøprøver i forhold til krava.

– Positive til omstillinga

Dei tøffe tidene i den maritime bransjen har også DNV GL fått merke, mellom anna på grunn av mindre oppdrag.

– Vi har vore gjennom ein prosess både lokalt og nasjonalt, der tilsette har vore nøydde å gå. Det er aldri kjekt når ein blir nøydd til å gjere slike grep, men tidene har gjort at det blei naudsynt. Det nyttar ikkje grave seg ned, sjølv om det er tøft. Vi ser framover, og ser lyst på situasjonen, seier Frode Holm.

Det er likevel ein gryande optimisme i det lokale maritime næringslivet, og nyleg fekk Kleven nok eit nytt fiskefartøy i ordreboka, eit slakteskip for DESS Aqua. For ikkje så lenge sidan sikra også Kleven-konsernet seg ein avtale med Hurtigruten, der dei skal bygge nye ekspedisjonsskip for reiarlaget.

– No har vi mellom anna jobba med vindmølleskipa Ulstein bygger, og vi er også med på Hurtigruten-prosjektet til Kleven, noko vi også er særs stolte av. Desse avtalane og fleire andre viser at verfta maktar å omstille seg, noko vi ser svært positivt på.

Offshore er som kjent i ein lågkonjunktur, noko som blir meir og meir tydeleg.

– Det har vore mykje offshore-relaterte skip i mange år no, men dei blir det mindre av. Det har vore og vil framleis bli ein del omstilling i bransjen her regionalt, men det følgjer vi godt med på. Det blir spanande å følgje med vidare framover, seier Frode Holm avslutningsvis.