Hareid leia 2-0 til det stod att tjue minutt av 4.-div.-kampen mot Valder på Hareid stadion torsdag. Så skora Valder to gonger – og laga gjekk av bana med eitt poeng kvar.

Greitt nok i grunnen. Hareid hadde flest sjansar i 1. omgang, men var hardt pressa mot slutten av kampen.

Hareid tok leiinga 1-0 etter 7 minutts spel på ei straffeskoring av Kim-Tore Husøy etter at Venthan Ketheeswaran gjekk på eit raid og vart felt innafor 16-meteren. I denne omgangen hadde Hareid elles ein tidleg kjempesjanse då Runar Stranden vart spelt fram av Husøy og var åleine med Valder-keeperen etter 5 minutts spel.

Kim-Tore Husøy, som er i opptrening etter å ha vore oslomann og familiemann ei tid, varsla før kampen at han kom til å halde i 45 minutt. Trenar Einar Magne Skeide, som plasserte veteranen i ein defensiv midtbaneposisjon, meinte han ville halde i 60 minutt. Men først fem minutt før slutt forlet Hareid-veteranen bana.

Hareid starta kampen med eit rekordungt midtstopparpar i 17-åringen Simon Holstad Grimstad og 16-åringen Håvard Mork Breivik. Men for sistnemnde vart det ingen minnerik kveld. Etter eit kvarter skalla han i hop med ein Valder-spelar og måtte opp på legesenteret for å sy to sting. Han kom inn att på bana som sideback tjue minutt før slutt, men vart temmeleg fort takla så stygt bakifrå at han måtte av bana for andre gong i kampen.

Thor-Ove Brekke hadde eit par gonger vore nære på å auke Hareid si 1-0-leiing – og i det 66. minutt heada han kontant i mål etter ein cornersituasjon. Dermed 2-0 med vel tjue minutt att å spele. Men Valder fekk blod på tann då dei utlikna i det 72. minutt – og kapra fortent nok eit poeng tilslutt.

Med dette resultatet har Hareid 20 poeng på 14 kampar medan Valder har 16 poeng på 14 kampar. Neste Hareid-kamp går borte mot Gursken/Larsnes 1. september. Ein jury kåra Simon Holstad Grimstad til Hareids beste spelar. Det var nok dei fleste samde i.

Dagens runderesultat i 4.-div.: Hareid-Valder 2-2, Stranda-Norborg 2-1, Sykkylven-LGFK 1-0, Skarbøvik-Emblem 0-3, Skodje-Godøy 0-3 (Langevåg-Ørsta går fredag).

KAMPFAKTA

4.-div, Hareid stadion

Hareid-Valder 2-2 (1-0)

65 tilskodarar.

Dommar: Øyvind Nesdal Birkeland, Herd.

Mål: 1-0 Kim-Tore Husøy (7, straffe), 2-0 Thor-Ove Brekke (66),  2-1 Glenn Ørjan Johannesen (73), 2-2 Erlend Synnes Skjong (82).

Gult kort, Hareid: Joachim Røyset, Nauris Driksna.

HAREID: Sigve Overå Hide, Joachim Røyset, Simon Holstad Grimstad, Håvard Mork Breivik, Nauris Driksna, Torgeir Skeide, Kim-Tore Husøy, Eiliv Tore Howlid, Venthan Ketheeswaran, Thor-Ove Brekke.

Innbytte: Ben Buntu for Mork Breivik i det 15. min. – Håvard Mork Breivik for Driksna i det 70. min. – Nicolay Sundgot for Venthan i det 76. min. – John André Skarshaug i det 80. min. for Mork Breivik – Martinus Bakken i det 89. min. for Kim-Tore Husøy – Fredrik Andresen i det 92. min. for Runar Stranden.

*** Simon Holstad Grimstad – Kim-Tore Husøy – Sigve Overå Hide.

1Langevåg1331
2Godøy1430
3Skarbøvik1426
4FK Sykkylven1422
5Emblem1421
6Hareid1420
7Larsnes/Gursken1420
8Valder1416
9Norborg1415
10Ørsta1313
11Skodje1410
12Stranda149
Hareids bestemann Simon Holstad Grimstad klarerer. Den andre Hareid-spelaren er Nikolay Sundgot.