Og sjølv om ikkje alle leilegheitene er selde heilt enno blir dei første to av i alt 18 moglege innflyttingsklare i oktober månad.

Det har vakse fram raskt, det heilt nye området ved sjøfronten på Larsnes. Hareid-baserte Rise Bygg er hovudentreprenør på prosjektet, medan Hareid Eiendomsutbygging er utbyggar. Bak selskapet Hareid Eiendomsutbygging står Peter Rise i Rise AS, Bjørn Bjåstad i Bjåstadbakken AS, Bjørn Teigene i Jeasimo AS og Torgeir Ringstad i Rika Consult AS.

Sande kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune er også involvert, i utbygginga av sjøfronten, som blir gjort i samband med tettstadprosjektet for Larsnes. Også Sande Næringsforum har frå starten vore pådrivar for prosjektet.

– Knirkefritt

Arbeidet på tomta starta i fjor vinter, og ein har kome langt sidan første spadetak.

– I februar-mars i fjor fylte vi ut i sjøen, og i august byrja vi å bygge. Alt har gått etter planen så langt, seier Peter Rise i Rise Bygg til Vikebladet Vestposten.

På tomta møtte vi onsdag tømrarbas Lidvar Rise, som har eit overordna ansvar på byggeplassen. Han seier byggelaget så langt har vore heldige med vêrforholda og gode arbeidsforhold.

– Det har vore ypparlege forhold. Dei som har sett opp betongmurane i front har hatt litt utfordringar i forhold til flo og fjøre, men elles har det gått knirkefritt.

Tøff marknad

Leilegheitene er mellom 83 og 90 kvadratmeter store, og prisen ligg på mellom 3 til 3,4 millionar kroner. Det er Ulsteinvik-baserte Sporstøl Arkitekter som har teikna dei flotte bustadbygga.

Peter Rise legg ikkje skjul på at det er ein tøff bustadmarknad no, men har trua på prosjektet på Larsnes.

– Vi har selt tre av seks leilegheiter i første byggetrinn til no, og må selje nokre til før vi kan byrje på den andre halvdelen av første byggetrinn, med seks leilegheiter der også. Om det blir slik, kan vi også setje opp eit bygg til, eit frittståande, der det blir seks nye leilegheiter.

Unik plassering ved sjøen

Rise meiner at lokaliteten og tomta ved sjøfronten er heilt unik. Ein kan ikkje kome stort nærmare havet.

– Alle ser at dette blir veldig flott til slutt. Her er eit utruleg flott område rundt, og det er mange kvalitetar kring dette prosjektet. Det i form av god belysning, lokalitet, leikeapparat og ein flott sjøfront med trapper som går heilt ned til sjøflata. Det er kanskje litt vanskeleg å sjå heilt føre seg alt dette no, men det blir eit fantastisk flott resultat, det er eg sikker på, seier Peter Rise og legg til:

– Dei to første leilegheitene blir ferdige og innflyttingsklare i oktober, men arbeidet med sjøfronten vil halde fram minst ut dette året, fram til vi er ferdige.

Innanfor satsingsområdet

Dette prosjektet ligg heilt klart innanfor det Hareid Eiendomsutbygging satsar på, fortel Rise.

– Det er først og fremst utruleg spanande med plasseringa av bygget, og alt som kjem til å kome på plass kring om. Det er difor vi har ei slik drivkraft i dette prosjektet, det er heilt spesielt. Det er ikkje så mange tomter i regionen av denne typen, for å seie det slik, seier Peter Rise til slutt.