Ulstein kommune heldt festmiddag for å gratulere og feire dei av innbyggarane som nyleg har vorte norske statsborgarar.

Dei ni nye norske statsborgarane som deltok kjem frå Brasil, Burundi, Filippinene, Syria, Thailand, Venezuela og Afghanistan.

– Takk for de har vald å busette dykk her. Vi håpar at de vil trivast og at de på forskjellige måtar skal få vere med på teamarbeid for å bygge og utvikle Ulstein-samfunnet, sa varaordførar Steinar Torvik då han opna feiringa.

- Vi som alltid har budd i Noreg, har mykje å lære av dykk som kjem frå andre land og kulturar. Eit fargerikt fellesskap er ein stor rikdom og ei glede for vårt lokalsamfunn, sa Torvik.

72 nasjonar i Ulstein

Ordførar Knut Erik Engh trekte fram at 72 ulike nasjonalitetar er representerte i Ulstein. Over 1400 av innbyggarane har utanlandsk bakgrunn.

- Ulstein er ein internasjonal kommune. Det er vi stolte av, det er ein del av vår identitet. Vi held denne middagen fordi vi vil gjere stas på dykk. Vi ønsker eit ope og inkluderande samfunn der alle føler at dei er ein del av fellesskapet, sa Engh, som i talen sin oppmoda til dugnad: - Engasjer dykk i arbeidsliv, idrettsliv, kulturliv, frivillig arbeid og i samfunnsdebatten. Dersom Ulstein skal vere ein god plass og bu også framover, er det viktig at så mange som råd er med på den felles dugnaden med å skape lokalsamfunnet. Slik vert alle synlege og får sin rettmessige plass og respekt. Integrering handlar først og fremst om inkludering i arbeidslivet, i frivillige organisasjonar og i samfunnsdebatten. Dei stadane ein ikkje lukkast med det, ser ein at motsetningane får grobotn og at parallelle samfunn får vekse fram. Slik skal vi ikkje ha det i Ulstein, sa ordføraren.

Middagsgjestene fekk nyte musikkinnslag ved Johannes Davidsen, fiolinelev ved Ulstein kulturskule. Deltakarane fekk òg høyre kyrkjeverje Christfried Kaul, som vaks opp i Aust-Tyskland, fortelje om sitt møte med det norske samfunnet.

- Fridomen og tilliten menneske imellom er noko det av eg set aller mest pris på med Noreg. Vi stoler på kvarandre, og vi vil ha kvarandre med. Eg ønsker at de vert inkluderte og at lokalsamfunnet veit å bruke alt det de kan bidra med, sa Kaul.