Tidleg i år vart det halde møte mellom representantar frå drosjenæringa, samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, politiet, Statens vegvesen, skatteetaten kemnerkontoret og Nav der temaet var pirattaxi og trafikktryggingsrisiko.

Det vart laga ei lang liste av tiltak for å få bukt med fenomenet, mellom anna melde personar som utøver pirattaxi og få ungdom til å kome seg heim på anna vis enn å nytte pirattaxi.

Lokale aksjonar

I slutten av mai vart det gjennomført ein aksjen i Kristiansund om temaet. Det er planar om liknande aksjonar andre stader i fylket.

Kan få store konsekvensar

Fredag 2. september skal Ungdomspanelet i Møre og Romsdal diskutere ungdom og pirattaxi. Saka blir lagt fram utan forslag til vedtak.

Marte Emilie Hansen, leiar i Ungdomspanelet, skriv i sakspapira at ungdomar som blir tatt for å køyre andre mot vederlag, kan vente seg strenge straffar om dei blir tatt. Det er klare reglar for å drive persontransport mot vederlag. Du må ha drosjeløyve, køyreseddel (gjeld motorvogn registrert for høgst 8 sitjeplassar, i tillegg til førarsetet) og vandelsattest med politiet. Ettersom det er snakk om svart arbeid, så vil også skatteetaten bli involvert om ein blir tatt.

Blir du tatt for piratkøyring, risikerer du bøter, inndraging av førarkort, og ved gjentaking også inndraging av bil.