- Klare og forståelege lovar, forskrifter og offentlege dokument er viktig for demokratiet og rettstryggleiken. Men juridisk språk kan vere ganske komplisert. No skal jusstudentar bli trena i å skrive godt og klart språk, seier kommunal og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) og Juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo har skrive under på ein tiårig avtale for å integrere klart språk i undervisninga og forskinga på fakultetet.

Juristane blir utdanna til å tolke rettskjelder og formidle juridisk kunnskap til til kvarandre. Men det er også viktig at dei lærer seg å formidle dette til vanlege folk, så dei forstår kva som står om dei les eit vedtak eller ein lovtekst. Dagens jusstudentar er morgondagens juristar, og med det dei som i framtida vil utforme nye lovar og forskrifter. Difor er det viktig å lære opp dei.

- Klart språk styrkar rettstryggleiken, men rettreglane vil også bli betre, seier dekan Gad Michalsen i same pressemelding.

KMD støttar fakultetet med tre millionar kroner kvart år fram til 2026. Fakultetet vil etablere ei fast professorstilling og tre stipendiatstillingar til fagområdet. Etter 2026 vil dei føre satsinga vidare, som ein fast og integrert del av jusutdanninga ved fakultetet.

Direktoratet for fovaltning i IKT (Difi) gir støtte til at tre masterstudentar hausten 2016 kan få meir kunnskap om kva betydning lovspråket har, og korleis ein konkret lov fungerer i praksis, og korleis borgarane forheld seg til lovar og til lovspråket.