Det fortel Beate Mjøen Berg. Ho fortel at så lenge ho har vore tilknytta Ulstein sokn, og det tek til å nærme seg tjue år, har ikkje kyrkja vore skikkeleg nedvaska.

Kva som har vore gjort før den tid kjenner ho ikkje til.

Sikkert er det at det i kyrkja sine mange krikar og krokar har samla seg opp ein god del støv og smuss opp gjennom åra, som vanleg reinhald ikkje har fått bukt med. Mellom anna er dei lafta tømmerveggene skikkelege støvsamlarar, og sprossene i dei store kyrkjevindauga er også ein stad der skiten samlar seg.

No tek soknet initiativ til å få sette i gang ein retteleg vaskedugnad. Dei legg ikkje skjul på at dei er inspirert av nabosoknet Hareid, der ein dugnadsgjeng gjennomfører ein grundig kyrkjevask årleg,

Målet er å få kyrkja rein før konfirmasjonshelga 10. og 11. september. Difor inviterer dei no alle som har lyst til å vere med på kyrkjevask til dugnad på kveldstid måndag 5. og onsdag 7. september.

– Har du lyst til å verte med kan du ta kontakt direkte med kyrkjekontoret, oppmodar Mjøen Berg.

Den som ønskjer å vere med på vaskedugnaden må ta med vaskeutstyr av ymse slag, medan soknet stiller med kaffi og te og litt å ete, samt vaskemiddel.