Årets kunstival er komprimert til fem timar denne sundag ettermiddagen.

Opdal er glad han har fått skaffa nok sponsorinntekter til å gjennomføre Go With the Flø. Han tenkjer at det er i nedgangstider at folk treng noko kjekt som dette.

Parkour-stjerna Amadei Weiland kjem og har både oppvisning og kurs for alle som vil prøve. Turngruppa kjem med matte, så ein har noko mjukt å lande på.

DJ-en og musikaren RØRSTAD held konsert i gymsalen. Sjølv om det er på dagtid, lovar Opdal skikkeleg nattklubbstemning.

I staden for å fly inn etablerte kunstnarar som Damien Hirst og Bjarne Melgaard frå New York, som han har gjort tidlegare, kjem det sju unge kunstnarar, som kanskje er morgondagens stjerner?

– Eg har kjend Martin Schreiner nokre år. Han har oversikt over kva som ynglar og gror, og veit kven som fortener ein plass å stille ut kunsten sin, forklarer Opdal. Utstillinga har fått namnet Varde.

Det blir kreativ verkstad med Åshild Sævik.

Bygdefolket stiller med kortreist mat, så ein slepp å få svolten.

Hugo Opdal ønskjer alle, store og små, velkomen til Flø!