Først då Felix kom heim igjen laurdag morgon, fekk matfar Anders Måløy ut fiskekroken av kjaken til katten, med ei avbitartong. Men det var naturlegvis ikkje heilt enkelt.

- Då vi først oppdaga at han hadde ein fiskekrok i kjaken var det ingen som fekk kome nær han, då han heilt tydeleg hadde det svært låkt. Han forsvann ut igjen, og vi var redde for at halvmeteren med sen som var festa i kroken skulle gjere at han sette seg fast i skogen eller ein annan stad, seier Måløy og legg til:

- Heldigvis kom han heim igjen laurdag morgon, og eg fekk tak i han. Medan kona mi Elin heldt han fast fekk eg klipt av kroken og fjerna den.

Oppmodar om å passe påKvar katten har funne fiskekroken er ikkje Måløy sikker på, men han vil oppmode folk til å ikkje la gamle fiskekrokar bli liggande kvar som helst.

- Kattar er nysgjerrige vesen, og kjem seg både hit og dit. Men, det kunne like gjerne vore eit barn som fann denne fiskekroken. Pass på kva du lét ligge, det kan vere skadeleg både for dyr og menneske, seier Måløy.