Innbyggjarhøyringa syner at 69 % i Ulstein ønskjer at Ulstein og Hareid slår seg saman til ei kommune. 19 % er imot ei samanslåing, resten veit ikkje.

Men om ein ser på kven ulsteiningane helst vil slå seg saman med er det 49 prosent som svarer Hareid. 25 % vil helst halde fram aleine. 15 % såg helst at dei fem kommunane på Ytre Søre Sunnmøre slo seg saman. 11 % såg helst og Volda og Ørsta vart med i ein stor kommune med dei fem. Ein prosent veit ikkje.

Tru på betre kompetanse

Ulsteiningane fekk også svare på kva dei trur om følgjene av ei eventuell samanslåing. 57 % trur kommunen si evne til å utvikle samfunnet blir mykje betre eller noko betre av ei samanslåing. 13 % trur ho blir dårlegare. 25 % trur ho korkje blir betre eller dårlegare.

53 % trur at kompetansen i dei kommunale fagmiljøa blir betre av ei samanslåing. 7 % trur kompetansen blir dårlegare. 37 % svarer korkje dårlegare eller betre.

Betre tenester?

40 % trur at tenestene blir betre, 14 % trur dei blir dårlegare. Heile 40 trur dei korkje blir betre eller dårlegare.

Det er fleire menn enn kvinner som trur det blir betre ved ein eventuell samanslåing.

Kva med lokaldemokratiet?

Den faktoren det knyter seg mest skepsis mot at blir betre ved ei eventuell kommunesamanslåing er lokaldemokratiet, men skilnaden på dei som er positive og negative er ikkje stor. 27 % trur lokaldemokratiet blir betre, 28 % dårlegare. 41 % korkje dårlegare eller betre.

Vaksen aldersgruppe

Opinion hadde fått til dei fin aldersspreing i Hareid, men dei var noko eldre innbyggjarane i Ulstein som svara. Medan det i undersøkinga i Hareid var 25 prosent som var under 30 år, var det berre 11 % i Ulstein. I Hareid var 28 % over 60 år, i Ulstein 39,2 prosent.

Uansett alder og kjønn var det fleirtal for kommunesamanslåing i Ulstein, men det var i aldersgruppa under 30 år at motstanden var størst (34 %). Det er 40- og 50-åringane i Ulstein som er mest positive til samanslåing (85 og 82 %).

Ganske viktig tema

55 % svarer at spørsmålet om samanslåing er viktig. 15 % meiner at spørsmålet er ganske eller svært lite viktig.

Interessa er den same no som ho var i målinga i mai.