Saka om framtidig kontorstruktur var oppe til handsaming i styret fredag. Vedtaket som vart gjort er å be kunnskapsdepartementet om fyllmakt til å leggje ned to av dagens seks kontorstader. Det gjeld Ørsta og Troms, skriv Møre-Nytt.

Om departementet gir klarsignal blir kontra lagt ned innan januar 2020.

Ved kontoret i bergen blir det tilsetjingsstopp, noko som betyr at kontoret på sikt vil bli lagt ned.

Lånekassa i Ørsta har i dag 22 tilsette.

Ordførar Stein Aam har tidlegare sagt at han vil kjempe for at Lånekassa framleis skal ha kontorstad i Ørsta, og sjølv om styret har vedteke nedlegging vil ordføraren framleis jobbe inn mot Kunnskapsdepartementet.