Har du problem med å ringe andre, eller å ta i mot telefonar? Ifølgje Telenor sine Facebook-sider er forklaringa på det at ein feil i telenettet gjer at fleire abonnentar kring om i landet får problem med å ringe og å ta i mot telefonar.

Her er siste oppdatering frå Telenor:

OPPDATERING KL 13:00: Vi jobbar for å løyse feilen som har ramma delar av mobiltrafikken i nettet. Feilen rammar mobil tale og fører til at enkelte anrop feilar. Mesteparten av trafikken går som normalt, og ein kan prøve å ringe på nytt dersom ein ikkje kjem gjennom på første forsøk. Problema startet rundt kl. 11:15 og Telenor sitt driftsmiljø jobbar no for å rette feilen. Alle øvrige tenester som fast telefon, fast breiband og mobilt internett inkludert tale over 4G skal fungere.