Til kommunestyremøtet i Hareid onsdag ligg det føre tilråding frå formannskapet om at seks skjenkestader i Hareid kommune får løyve dei neste fire åra til å skjenke alkohol med inntil 22 prosents styrke.

Det nye er at ølbryggeriet Grim & Gryt får eit slikt permanent løyve. Dei har hatt ei tidsavgrensa løyve og har elles nytta seg av ordninga med «ambulerande skjenkeløyve». No skal dei få same rettane som dei andre skjenkestadane i kommunen dei neste fire åra.

Grim & Gryt vil halde pubkveldar med kviss og musikalske innslag i lokala i Strandgata 143 (ved nørste molofeste) – og satsar også på eit turisme-opplegg i samarbeid med Ishavsmuseet i Brandal. Skjenkestyrar skal vere Øyvind Gryt Grimstad.

Det er verdt å merke seg at Grim & Gryt skriv i søknaden sin at dei ikkje siktar seg inn på å vere ein permanent skjenkestad. Dei vil først og fremst ha turistgrupper på besøk og arrangere enkelte pubkveldar. Eit skjenkeløyve vil gi dei eit nytt, solid bein å stå på og gi auka inntekter og representere eit kjærkome innslag i utelivet på Ytre Sunnmøre, heiter det i søknaden.

Fem andre:

Dei fem andre som er tilrådde å kunne skjenke permanent dei neste fire åra er:

Napoli, skjenkestyrar: Henriette Møller.

Hareid Pizzarestaurant & Pub, skjenkestyrar: Ranchana Gowrishankar.

Melshorn Hotell, skjenkestyrar: Toril Bjåstad.

Ishavsmuseet i Brandal, skjenkestyrar: Webjørn Landmark.

Sunnmøre Golfklubb, skjenkestyrar: Mari-Ellen V. Løseth.

I tillegg tilrår formannskapet at desse fire utsalsstadane for alkohol får ei fire års godkjenning: Eurospar, Coop Extra, Hareid Lavpris AS (Bunnpris) og Grim & Gryt.