Torsdag denne veka skal Ulstein kommunestyre gjere endeleg vedtak om kommunereforma. Ulstein formannskap har møte tysdag ettermiddag, der dei gjer si tilråding til kommuenstyret.

Rådmannen rår politikarane til å vedta at Ulstein kommune slår seg saman med Hareid kommune innan 1. januar 2020, og at den inngåtte intensjonsavtale for Hareidlandet blir lagt til grunn for den vidare prosessen.

I vedtaket viser han til tidlegare vedtak i kommunestyret, det ulsteinpolitikarane har uttrykt behov for større og meir robuste kommunar, behovet for ein betydeleg reduksjon i talet på kommunar i vår region og behovet for samsvar mellom kommunal organisering og naturlege bu- og arbeidsregionar.

Samstundes føreslår han at kommunen skrinlegg den inngåtte intensjonsavtalen med Runde kommune.

Omfattande utgreiing

Sakspapira til denne saka er på 58 sider. Det kan høyrest mykje ut, men det er innkludert intensjonsavtalen med Hareid kommune, utkast til arbeidsoppgåver for Fellesnemnda Hareidlandet kommune og innbyggjarhøyringa frå august (for Ulstein kommune).

På 11 sider går rådmannen gjennom kort historikk, nokre nøkkeltal og drøftar korleis ei eventuell samanslåing vil slå ut på faktorar som økonomi, tenesteproduksjon, demokrati, rettstryggleiken til innbyggjarane og kommunen si rolle som samfunnutviklar.

Han konkluderer med at det er best at Ulstein slår seg saman med Hareid. Best effekt ville det fått om Ulstien vart med i Runde kommune (Herøy, Sande, Ulstein, Hareid og Vanylven), men det var det ikkje fleirtal for i folket anna enn i Vanylven og Runde.

- Der er faglege argument for å slå saman fleire av kommunane i regionen, men den inngåtte intensjonsavtalen om Runde kommune har ikkje naudsynt tilslutning, skriv han og meiner at om Ulstein og Hareid slår seg saman vil dei vere betre rusta til å møte framtidige utfordringar.

Meir om saka i papirutgåva av Vikebladet Vestposten tysdag 30. september.