Med seg på prosjektet har Racer Ulstein Group, Metizoft, Uptime International, ÅKP og Innovasjon Norge.

– Ved bruk av digitale plattformer som Google, Baidu og Facebook, ønskjer vi å finne svaret på korleis den maritime bransjen mest mogleg effektivt kan marknadsføre seg internasjonalt, seier Olav Sindre Kriken i Racer.

Per i dag vert det meste av marknadsaktivitetar i bransjen gjort på messer, boards, i eigne digitale medium, og gjennom fortent plassering i avis/magasin, og berre unntaksvis blir vert gjort formelle analysar på om aktiviteten har gitt eit ønska resultat. Effekten per brukte marknadsføringskrone er dermed veldig uklar.

– Vi ønskjer å måle effekt og kostnadar av målretta bruk av digitale kanalar, ved både organisk og kjøpt plassering, som vil gi eit klart vegkart for korleis den maritime klynga mest mogleg kostnadseffektivt kan nå ut internasjonalt, og slik bruke pengane rett og effektivt. Dette gjer vi ved å hamstre «Big Data» frå potensielle kundeemne frå mellom anna Asia og Europa, og analysere og visualisere desse, seier Kriken.

– Alternativet hadde vore at desse bedriftene måtte reist på messe til Singapore, eller kjøpt ei heilsides annonse i eit maritimt bransjeblad. Då veit dei mindre om kva dei faktisk får att, seier Kriken

Nyskapande arbeid

Lene Trude Solheim i Ulstein Group fortel at dei nyttar ein del ressursar på digital marknadsføring via digitale kanalar. Samstundes trur ho potensialet er stort for å finne ut meir om korleis den eigentleg fungerer.

– Kort sagt skal vi hamstre inn data, for å kunne marknadsføre ein relevant bodskap direkte mot ei betre segmentert målgruppe digitalt, konkluderer ho.

Frank Støyva Emblem i GCE Blue Maritime Cluster er ikkje i tvil om at arbeidet kan vise seg å verte viktig for industrien.

– Frå vår ståstad er det viktigaste å få ny kunnskap om dette området, der det er gjort kvantesprang dei siste åra. Det er nybrottsarbeid, og der skal vi vere, seier han.

Også Lars Sandnes i Innovasjon Norge meiner arbeidet er nyskapande:

– Vi har ikkje vore borti tilsvarande prosjekt i Møre og Romsdal, og trur dette kan føre til at bedriftene får meir ut av kvar marknadsføringskrone, seier han. Innovasjon Norge vurderar det som viktig å vere med å støtte opp under innovative bedrifter som bidreg til å styrke konkurranseemna til den maritime klynga.