Alle kommunane i Møre og Romsdal deltek i abonnementsordninga Kultursekken. Gjennom Kultursekken mottar alle grunnskulane i fylket profesjonelle kulutrtilbod kvart år. Ordninga er finansiert av spelemidlar frå staten.

Møre og Romsdal fylkeskommunen dekkjer utgiftene til administrasjon. I tillegg betaler kommunane ein eigendel pr. elev for deltakinga. I dag er denne eigendelen på 80 kr pr. elev.

Denne eigendelen vart sist endra frå 1. 1. 2014 etter vedtak i kulturutvalet hausten 2013. No ser fylket seg nøydd til å setje opp prisen på ny, denne gongen til 90 kr pr. elev.