Då startar årets hjortejakt, som varer til 23. desember i både Hareid og Ulstein.

Klart høgast fellingsprosent i Hareid

Hjorteviltregisteret sin statistikk for hjortejakta i fjor viser at Hareid hadde suverent høgast fellingsprosent på Søre Sunnmøre med heile 88,4 %. Ulstein hadde nest høgast med 71,8 % - medan dei fem andre kommunane var langt nede på og til og med under 60-talet:

Volda 65,3 % - Ørsta 61,7 % - Herøy 60,5 % - Sande 60,5 % og Vanylven 58,6 %.

Høg fellingsprosent skulle tilseie at talet på fellingar kan aukast. Men Hareid har likevel auka kvoten med berre eitt dyr i år – frå 172 i fjor til 173 i år. Ulstein har derimot redusert kvoten frå 142 til 131.

Den største reduksjonen står Volda for ved å senke fellingsløyvetalet frå 576 til 548 dyr. Også Sande reduserer, men med berre eitt dyr frå 147 til 146.

Den største hjortekommunen Ørsta aukar kvoten frå 1163 til 1164, Vanylven held status quo (613 dyr), medan herøyværingane går opp frå 129 til 132 dyr trass i låg fellingsprosent i fjor.

I 2016 er det gitt 33 færre fellingsløyve enn i 2015, eit signal om at bestanden kan ha gått litt ned.

Totalt vart det felt 1874 dyr under hjortejakta på Søre Sunnmøre i fjor.