KS (Kommunenes Sentralforbund) har sendt ut eit skriv der det går fram at kommunane ikkje lenger står fritt til å la arbeidstakarar som har fylt 70 år, halde fram i eit arbeidsforhold.

KS vil ha ei konsekvent og streng praktisering. Kommunane skal berre heilt unntaksvis la enkelte arbeidstakarar halde fram etter at dei har fylt 70 år. Omfanget av dispensasjonar skal vere lite og i hovudsak knytt til særlege og tidsavgrensa behov.

KS skriv blant anna dette:

«Som følge av det nye kravet om konsekvent praktisering av 70-årsgrensen, er det viktig at arbeidsgiver gjennomgående sender varsel 6 måneder før arbeidstaker fyller 70 år dersom det er nødvendig for å overholde vilkåret om konsekvent praktisering. I de tilfeller det er ansatte over 70 år som i dag er i arbeid, må det tilsvarende sendes varsel om opphør av arbeidsforholdet dersom det er nødvendig for å overholde vilkåret om konsekvent praktisering.»