NRK er på leit etter ungdomar til ei dramaserie om fotball, og det blir audition både i Ulsteinvik, Nordfjordeid, Ålesund og Molde.

Auditionen i Ulsteinvik er lagt til fredag 9. september, og arenaen blir Klubbhuset på Høddvoll.

NRK håper det vil møte fram gutar i alderen 16–23 år som kan spele fotball, men dei er også interesserte i gutar mellom 16–18 år som ikkje treng om å ha kunnskap om fotball.

Også jenter mellom 16–20 år blir oppmoda om å møte på audition.

Det er selskapet Fri Film Casting som plukkar ut aktørane, og dei vil gjerne ha ein mail med bilde, ein videosnutt og opplysningar frå dei som ønskjer å kome på audition på førehand.

Mailadressa er: castinghjemmebane@gmail.com

10 episodar

Tittelen på den nye dramaserien er «Hjemmebane», og det er planlagt 10 episodar. Planen er å starte opptaka i mars neste år. Serien skal sendast i 2018 og er ein samproduksjon mellom NRK Drama og filmselskapet Motlys.

Trøndersk tenåringsjente

Arena for serien er ei kvinne som kjem til ein fotballklubb på Vestlandet med ambisjonar om å bli den beste fotballtrenaren i landet. Filmselskapet er også ute etter ei jente mellom 16–20 år som får ei stor rolle i serien. Ho skal helst snakke trøndersk.

- Ho kan bli ei ny Liv Ullmann, uttaler filmprodusent Yngve Sæther til  adressa.no