Før jul samla Liv-Tone Brunstad og Anette Iren Myklebust Haram inn pengar til nytt netthinnekamera til Ålesund sjukehus gjennom foreininga «De små vil også se».

No er kameraet til 1,1 millionar kroner på plass. Legane har hatt demonstrasjonsdag med leverandør og er klar til å ta det nye utstyret i bruk.

Onsdag føremiddag fekk Brunstad og Haram møte fleire legar utanfor neonatalavdelinga ved sjukehuset, overlege ved augeavdelinga, Geir Hanken, seksjonsoverlege ved Barne- og ungdomsavdelinga, Beate H. Eriksen og augelege Sigrun Pedersen.

Lettar undersøkinga

Liv-Tone Brunstad fortel at med det nye utstyret vil legane kunne undersøke spedbarn på to minutt, i staden for tjue minutt. Det er tid som utgjer mykje for dei minste pasientane. Legane gler seg stort til å ta det nye netthinnekameraet i bruk. Dei vil helst bruke det på spedbarn, men det kan også brukast på andre born. Og det kan takast i bruk når ein undersøker barn etter barnemishandling.

Mange bidrag

Dei to drivande damene opplevde sjølv å få for tidleg fødde born og innsåg kor viktig jobb som blir gjort ved neonatalavdelinga ved sjukehuset i Ålesund. Ved å samle inn pengar til nytt utstyr gjer dei avdelinga endå betre for framtidige born. Til saman har dei samla inn 1,5 mill som har gått til nytt utstyr.

Ulstein og Haram har tatt ei oppteljing og kome til at det er 1781 innskot på kontoen til foreininga. Sjølv om det er fleire bedrifter som har bidrege, er det hovudsakleg "mannen i gata" som har bidrege, fortel Ulstein.

Gir seg ikkje

Sjølv om foreininga vart starta for å samla inn pengar til netthinnekamera, gir dei seg ikkje, sjølv om kameraet no er på plass. Dei samlar framleis inn pengar.

No samlar dei inn pengar til NIDCAP. I Ålesund er det 9 sjukepleiarar og ein lege som har tatt NIDCAP-utdanning. Foreininga samlar inn pengar så fleire tilsette ved sjukehuset kan ta slik utdanning og lære denne metoden. Ved NIDCAP tolkar ein åtferda til det nyfødde barnet, slik at dei kan tilpasse omsorgen individuelt til kvart barn og familie.

- Dette er også veldig viktig. Dei vil bidra kan til dømes kjøpe gåvekort som dei skriv direkte ut frå Facebook-sida vår, seier Brunstad.

I tillegg til å samle inn pengar har dei blitt ei aksjonsgruppe. Dei har over 14 500 medlemer på Facebook. Dei arbeider også imot ei utarming og/eller nedlegging av neonatalavdelinga i Ålesund.